Home Life Works Texts Gallery Literature Wish List
News Letters Bookshop Donations Links Mailing List Contact

Kvinna mot Tidi:
Minneskrift i Anledning Savitri Devi sin 100. Gebursdag

av R.G. Fowler

 

Savitri Devi var ein filosof, ein religiøs tenkjar, og ein utrøytteleg aktivist på vegne av nasjonalsosialismen, indoeuropeisk heidenskap, vegetarianisme, dyrevern og djup økologi. Ho dreiv óg so smått med skriving av fiksjon og spionasje. I 1958, med utgjevingi av hennar magnum opus, ”The Lightning and the Sun” [Lynet og Soli], framstod ho som ein av dei mest originale og innflytelsesrike nasjonalsosialistiske tenkjarane etter andre verdskrigen.

Savitri Devi var fødd som Maximine Portaz den 30. september 1905 i Lyon, Frankrike klokka 08:45. Ho døydde kort etter midnatt den 22. oktober 1982 i Sible Hedingham i Essex i England. Ho var av engelsk, gresk og italiensk avstamming, og beskreiv nasjonaliteten sin som ”indoeuropeisk”.

Omstendi rundt Savitri Devi sin fødsel var ikkje lovande. Ho var fødd to og ein halv månad for tidleg, då ho blei skapt natti mellom den 13. og 14. mars 1905. Fødselen var komplisert, og ho vog kun 930 gram. Doktaren underretta foreldri om at ho ikkje vilde leva opp. Ho kom til å bli eit einebarn. Mor hennar Julia Portaz (fødd Nash) var 40, far hennar Maxim Portaz var 44. Engstelege for nok ein komplisert graviditet, elska dei aldri meir. Dei namngav spedbarnet Maximine Julia Portaz, og venta deretter på at ho skulde døy.

Men livskrafti var sterk i ho. Den hadde noko stort i vente.

Savitri Devi hadde uvanlege intellektuelle gåver, som ho oppviste i ein tidleg alder. Som eit ungt barn lærde ho seg fransk og engelsk frå foreldri hennar, deretter lærde ho seg sjølv moderne gresk og litt klassisk gresk. Med tidi skulde ho bli flytande i åtte språk; (engelsk, fransk, moderne gresk, italiensk, tysk, islandsk, hindi og bengalsk) og ho hadde kjennskap til om lag 20 andre (blant anna klassisk gresk, urdu og andre indiske språk).

Savitri Devi tok óg to mastergrader; i filosofi og kjemi, og ein doktargrad i filosofi frå universitetet i Lyon. Dei to fyrste bøkene hennar var vitskaplege avhandlingar; Essai-critique sur Théophile Kaïris [Kritisk essay om Theophilius Kaïris] (Lyon: Maximine Portaz, 1935) og La simplicité mathématique (Matematisk enkelheit) (Lyon: Maximine Portaz, 1935)

Savitri Devi hadde óg ein enorm kunnskap om historie og religion, særskilt oldtidshistorie, i tillegg til eit forbløffande minne, særskilt for datoar og namn. Ho var óg ein framifrå og hypnotiserande lærar som kunde førelesa utførleg om tallause emne utan å ty til notat.

Ein sjølvbeskrivi ”nasjonalist av einkvar nasjon” og ein indoeuropeisk heidenskaps vekkjelsespredikant, gjekk Savitri Devi over til nasjonalsosialismen i 1929 medan ho var i Palestinien. I 1935, reiste ho til Indien for å oppleva gjennom hinduismen den siste levande resten av den indoeuropeiske heidenske religiøse tradisjonen. Ho slo seg til slutt ned i Calcutta, der ho jobba for den hinduistiske nasjonalistrørsla, som verna hinduistisk tradisjon frå alle former for universale og egalitære ideologiar, slik som kristendom, islam, kommunisme, og liberalt demokrati. I 1939, vigde ho seg til ein bengalsk bramin, føreleggjaren med pro-aksemakt synspunkt; Asit Krishna Mukherji (1904-1977). Under andre verdskrigen spionerte ho og husbond hennar for japanarane.

I 1939, medan ho studerte ved Rabindranath Tagore sin Shantiniketan Ashram i Bengal, tok Maximine Portaz, etter forslag frå nokre medstudentar, opp pennenamnet Savitri Devi. ”Savitri” er eit av fleire sanskrit namn på soli, og ”Devi” tyder gudinna. Det var eit perfekt namn, sidan Savitri var ei hengjevi tilhengjar av det ho ansåg for å vera den opphavlege ariske religionen; tilbedingi av Livet og Lyset. (”Devi” er forresten ikkje eit etternamn, men ein tittel som alle ariske kvinner i Indien har rett til å ta. Ergo skal ikkje Savitri Devi bli referert til som ”Devi” i kort form, men som ”Savitri” – akkurat slik som Sankt Paul blir referert til som ”Paul” og ikkje som ”Sankt”. Ståande åleine, refererar ikkje titlar som Sankt, Mister, Doktar eller Devi til ein særskild person.)

Medan ho var i Indien, forfatta Savitri fleire bøker; I 1937 fullførte ho L’Etang aux lotus (Lotusdammen) (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1940), der ho skreiv ned sine fyrste inntrykk av Indien. Lotusdammen kombinerar livlege reiseskildringar med filosofiske refleksjonar om indisk kultur og tradisjon. Den neste boki hennar; A Warning to the Hindus [Ei Åtvaring til Hinduane] (Calcutta: Hindu Mission, 1940), er hennar manifest om hinduistisk nasjonalisme. Hinduismen er ein radikalt pluralistisk og tolerant religion, og dette blindar ofte hinduistar for farane ved dei intolerante bibelske religionane og deira sekulære utlauparar; liberalt demokrati og kommunisme. Savitri freista å vekkja hinduistane mot denne faren og å visa naudsyntheiten av å utvikla ei samla hinduistisk nasjonalkjensla som går på tvers av men som samstundes respekterar og bevarar Indien sin myriade av kommunale og kastebaserte distinksjonar. Savitri ansåg óg klårt at ei slik hinduistisk nasjonalkjensla var ein naudsynt føresetnad for indisk uavhengigheit. Ei Åtvaring til Hinduane blei omsett til seks indiske språk og er framleis i trykk. Ei tridje bok; The Non-Hindu Indians and Indian Unity [Dei Ikkje-hinduistiske Indarane og Indisk Einheit] (Calcutta: Hindu Mission, 1940), omhandlar spørsmålet om integrering av ikkje-hinduistiske minoritetar inn i ein hinduistisk nasjon, både i kampen for indisk sjølvstende og i eit uavhengig Indien. Savitri sin førespurnad er at indiske muslimar, kristne og andre ikkje-hinduar anerkjenner at dei fyrst og fremst er indiske, altso, produkt av ein hinduistisk kultur, sjølv om dei ikkje gir seg ut for å vera hinduistiske.

Eit anna felt Savitri interesserte seg for medan ho var i Indien var ein annan soltilbedar, den oldtidsegyptiske ”heretiske farao” Akhnaton (14. århundre fvt), som heilt sikkert var ein av dei mest merkverdige og gåtefulle personlegheitane i historien. Akhnaton freista å erstatta egyptisk polyteisme med ein monoteistisk religion som æra Livskrafti ved eit bilete av ei solar skiva som ausa ut sine livgjevande strålar. Sjølv om Akhnaton sin monoteisme var like intolerant som den bibelske monoteismen som Savitri forakta, var ho fascinert av Akhnaton sitt liv og personlegheit og sterkt tiltrekt av religionen hans på filosofisk, spirituelt og estetisk grunnlag. Sanneleg, ho trudde at Akhnaton sin religion i store trekk var identisk med den opphavlege ariske religionen av Liv og Lys, og ho føreslo til og med at Akhnaton sine reformar kan ha vore påverka av Mitanniane, eit arisk folk som hadde slege seg ned i øvre Mesopotamien. Akhnaton sjølv var dels mitannisk, gjennom den paternalske bestemori hans Mutemwiya og kanskje óg gjennom hans maternalske bestefar Yuya, i tillegg til at det var andre Mittannarar til stades ved det egyptiske hoffet óg.

Savitri si fyrste utgjeving om Akhnaton var ein pamflett med tittelen Akhnaton’s Eternal Message: A Scientific Religion 3,300 Years Old [Akhnaton sin Evige Bodskap: Ein Vitskapleg Religion 3,300 År Gamal] (Calcutta: A.K. Mukherji, 1940). Denne blei fylgt av ei barnebok; Joy of the Sun: The Beautiful Life of Akhnaton, King of Egypt, Told to Young People [Soli si Glede: Det Underbare Livet til Akhnaton, Kongen av Egypt, Fortalt til Unge] (Calcutta: Thacker, Spink and Co. Ltd., 1942), illustrert med Savitri sine eigne teikningar og måleri, som er primitive og barneaktige, men på eit passande sett.

Savitri sitt hovudverk om Akhnaton er; A Son of God: The Life and Philosophy of Akhnaton, King of Egypt [Ein Son av Gud: Livet og Filosofien til Akhnaton, Kongen av Egypt] (London: Philosophical Publishing House, 1946). Originalt utgjevi av det teosofiske samfunnet, blei boki trykt opp på nytt av The Rosicrucian Order [obskur Amerikansk new-age organisasjon] som Son of the Sun: The Life and Philosophy of Akhnaton, King of Egypt [Sonen til Soli: Livet og Filosofien til Akhnaton, Kongen av Egypt] (San Jose, California: Supreme Grand Lodge of AMORC, 1956). (Savitri ansåg beggje organisasjonane for å vera subversive men var heilt sikkert nøgd med at dei trykte boki hennar.) Sonen til Soli har kun nyleg gått ut av trykk på engelsk, og den har blitt omsett til fransk, nederlandsk og portugisisk.

Nesten 60 år seinare er Sonen til Soli framleis ein av dei beste bøkene om Akhnaton. Den er vakkert skrivi, med ei romanforfattarinna sitt auga for konkrete og fargerike detaljar. Den er grundig forundersøkt, der den tek i bruk all relevant litteratur på si tid. Men aller viktigast, den er filosofisk. Savitri nyttar seg av Akhnaton sine Hymner til Soli og andre skriveri, ikonografien knytt til kulti hans, og samtidige dokument slik som Amarna-brevi, for å laga den mest omfattande og sannsynlege rekonstruksjonen av Akhnaton sin vérdsanskoding nokosinne tilbydd.

I 1948, gav Savitri ut; Akhnaton: A Play [Akhnaton: Eit Spel] (London: Philosophical Publishing House, 1948), som omhandlar øydeleggjingi av Akhnaton si kult og forfylgjingi av den sine tilhengjarar etter hans daud. Det er ein tunt tildekka allegori for det som gjekk føre seg i det okkuperte Tyskland i den same perioden.

Savitri var knust over nederlaget til Tyskland i andre verdskrigen. I juni 1945, nær Varkala på Malabarkysten, bestemte ho seg for å ta livet sitt ved å gå ut i havet. Men då vatnet rakk ho til akslene, rørde brått Livskrafti seg i ho. Ein tanke suste gjennom hovudet hennar som lyn. Det var ein kommando; lev! Lev for å vera eit sannheitsvitne. Lev for å sjå hemnen sin dag, når sigerherrane av 1945 blir kasta i groper. Lev for å sei; ”Kva var det eg sa!”. Som Savitri sa det i eit brev til George Lincoln Rockwell datert 28 august 1965; ”Eg steig oppatt frå havet for denne framtidige nytingi si skuld, og kun for det, og starta å leva utan håp, kun for hatet si skuld.”

Frå den stundi av, la Savitri ut på eit omreisande og asketisk liv. Hennar to hovudaktivitetar var å utan stans bera vitnebyrd på vegne av nasjonalsosialismen og å ta hand om mishandla og heimlause dyr, i hovudsak kattar.

Savitri høgakta det nasjonalsosialistiske Tyskland som eit heilag land for alle ariarar. Ho såg det dog aldri under det sine glansdagar. Hennar fyrste glimt av det var i 1948, i ruinar. Gold in the Furnace [Gull i Smeltedigelen] (Calcutta: A. K. Mukherji, 1952) er Savitri sin mørke og sterke framstilling av hennar erfaringar i det okkuperte Tyskland i 1948 og -49. Savitri ansåg dog ikkje øydeleggjingi av det Tridje Riket for å vera slutten på nasjonalsosialismen, men ei reinsking, -- ein eldprøve som vilde skilja slaggmetallet frå gullet – som eit forspel til ein ny byrjing. Ergo inneheld Gull óg kapittel angåande det filosofiske grunnlaget og det positive politiske programmet til nasjonalsosialismen. I 1949, blei Savitri arrestert, stilt for retten, og fengsla av dei britiske okkupasjonsmyndigheitene for å ha spreidd nasjonalsosialistiske propagandaflygeblad. Ho beskriv erfaringane sine i Defiance [Trass] (Calcutta: A. K. Mukherji, 1951). I 1953, føretok Savitri ei pilegrimsferd til heilage nasjonalsosialistisk forbundne område i Austerrike og Tyskland, for deretter å beskriva ferdi i boki Pilgrimage [Pilegrimsferd] (Calcutta : Savitri Devi Mukherji, 1958)

Savitri sitt mest storslagne verk er The Lightning and the Sun [Lynet og Soli] (1958), som lagar ein syntese av nasjonalsosialisme og den ariske sykliske teorien om historien og legg der fram den lamslåande påstanden at Adolf Hitler var ein avatar – ein menneskjeleg inkarnasjon – av den hinduistiske guden Vishnu, oppretthaldaren av orden. I fylgje den ariske tradisjonen, går historien i syklusar, startande med ein Gylden alder eller Sannheitsalder og deretter i nedgang inntil han når botnpunktet, den fjerne alderen, den Mørke alderen eller Kali Yuga, der ondskap og falskheit herskar. Ved dette tidspunktet, går forfallskreftene under av deira eige nedbryting og ein ny Gylden alder bryt fram. I fylgje den hinduistiske tradisjonen, vil den noverande Kali Yuga’en ta slutt og den neste Gylne alder ta til ved hjelp av den 10. avataren til Vishnu, Kalki, hemnaren, som blir framstilt som ein krigar på ein kvit hest. Då Hitler si stjerne var stigande, trudde Savitri Devi og mange indarar med ho at han var Kalki. Då han blei nedkjempa, konkluderte ho med at Hitler ikkje var den 10. avataren, men kun hans føregangsmann, og at Kalki endå har til gode å koma.

I Lynet og Soli, sondrar Savitri mellom tri typar menn sett i henhald til deira forhold til den nedgåande bana til historien; Menn i Tidi, Menn over Tidi, og Menn mot Tidi. Men i Tidi er dei som går med den nedgåande tidsflyten og bidreg til den sine desintegrerande tilbøyelegheitar. Menn over Tidi freistar å heva seg over den nedgåande bana til historien og verna seg mot den snuskete vérdi. Menn mot Tidi kjempar mot degenerasjonen og freistar å gjenoppretta den Gylne alderen. Målet deira er, sjølvsagt, umogleg. Ein kan ikkje snu klokka. Menn mot Tidi er dog fødde krigarar. Å stå imot dekadanse er deira plikt, deira lagnad. Det har ingenting å sei at dei ikkje kan vinna. Men sjølv om dei ikkje maktar å snu klokka, kan dei få ho til å gå fortare, med andre ord, dei kan framskunda øydeleggjingi av den Mørke alderen og hjelpa til med å bringa fram den nye Gylne alderen. Brorparten av Lynet og Soli blir nytta til å illustrera desse tri typane menn gjennom tri minibiografiar; Genghis Khan er den paradigmatiske Mannen i Tidi, Akhnaton er Mannen over Tidi, og Adolf Hitler er Mannen mot Tidi.

Ein av dei mange måtane som Lynet og Soli er ei ekstraordinær bok på er at ho er absolutt usannsynleg og absolutt fengslande på same tid. Det er neppe nokon som har lese ho som har teke ho bokstavleg. Savitri Devi sjølv tok ho neppe bokstavleg. Dog har visjonen hennar poetisk skjønheit og  forklarande kraft. Lynet og Soli rører seg i mytane sitt domene. Eg trur at Savitri sitt mål var å laga grunnlagsmyten til ein ny religion. Savitri var fascinert av Paul av Tarsus, som grunnla ein religion ved å ta ein feilslagen politisk revolusjonær og omdanna han til ein inkarnasjon av Gud som hadde kome for å redda vérdi. Og etter mindre enn tri århundre, hadde religionen Paul laga triumfert over det Romerske imperiet. Savitri tok óg ein feilslagen politisk revolusjonær og omdanna han til ein inkarnasjon av Gud som hadde kome for å redda vérdi. Ho vona å dermed grunnleggja ein religion som vilde tena som eit farty for den endelege sigeren til ideali hennar.

Savitri Devi var óg ein lidenskapleg krossfarar for vegetarianisme, dyrevern og djup økologi. Ho oppsummerte synet sitt på desse sakene i Impeachment of Man [Riksrett mot Menneskji] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1959). I 1970-åri, lengje før PETA og the Animal Liberation Front [Ytterleggåande amerikanske dyrevernsorganisasjonar], braut ei aldrande og fillete Savitri Devi lovi ilag med hennar indiske tenar for å frigjera kattar og hundar som skulde nyttast til medisinske eksperiment ved All India Institute for Medical Sciences [Det Allindiske Instituttet for Medisinske Vitskapar] i New Delhi. Savitri si andre bok om dyr er Long-Whiskers and the Two-Legged Goddess, or the true story of a “most objectionable Nazi” and half-a-dozen cats [Lange-Verhår og den Tobeinte Gudinna, eller den sanne historien om “ein særdeles motbydande nazist” og eit halvt dusin kattar] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1965). Ein til dels oppdikta sjølvbiografi som fokuserar på hennar forhold til favorittkattane sine, dette er Savitri si best skrivne og mest eksentriske bok.

Savitri sine andre skriveri inkluderar; Souvenirs et réflexions d’une Aryenne (Memories and Reflections of an Aryan Woman) [Minne og Refleksjonar av ei Arisk Kvinne] (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1976), hennar mest omfattande presentasjon av filosofien sin; og And Time Rolls On: The Savitri Devi Interviews [Og Tidi Rullar Vidare: Savitri Devi-intervjui] (Atlanta: Black Sun Publications, 2005), den redigerte avskrifti av ti timar med intervju som ho gav i New Delhi i 1978, og som fungerar som ein ideell introduksjon til Savitri sitt liv og hennar tankesett.

Savitri Devi sin 100. gebursdag vil bli heidra i dag. Det vil dog vera ein stille affære. Nokre få av hennar attlevande vener vil ringja kvarandre og mimra. Dei som har blitt berørt i livet av ho er spreidde over kloden. Dei kan ikkje samlast for å heva ein skål, so dei lyt heva skålane sine åleine. I Tyskland, vil Regin-Verlag gje ut eit spesialnummer av bladet Junges Forum i hennar ære. Dei vil óg gje ut Lotusdammen og Riksrett mot Menneskji i tyske oversetjingar. I England, har Historical Review Press utgjeve ei ny utgåve av Gull i Smeltedigelen. I Dei Sameinte Statar, vil Black Sun Publications gje ut Og Tidi Rullar Vidare: Savitri Devi-intervjui. På vérdsveven, smigrar eg meg sjølv ved å tru at folk over heile kloden les desse ordi. Eg hadde óg håpa at nettsida mi, the Savitri Devi Archive, skulde framstå i dag, men den har blitt forseinka. Når den er oppe og går, kan De kjøpa eksemplar av Og Tidi Rullar Vidare der.

Korleis kan ein heidra Savitri i dag, om ein er slik anlagt? I eit brev til ein ung amerikansk kamerat datert 13. april 1975, drøfta Savitri korleis ho vilde feira Adolf Hitler sin føreståande gebursdag:

Dette er kun ein liten notis for å fortelja korleis eg skal tenkja på deg (og alle våre kameratar og overordna fjern og nær) på den store gebursdagen ei veke frå no. Den fell på ein sundag i år, so – takk gud slepp eg å reisa til min kjedelege arbeidsplass men skal derimot få høve til å vera heilt åleine og berre … tenkja. Eg tenkjer at Føraren vår no vilde ha vore – om ei vekes tid – 86, om han var i live. Og eg undrast på om me, dei få disiplane hans der han faktisk har fyrsteplass, er like talrike og begeistra som dei tidlege kristne var i år 86 evt, med andre ord, under keisar Domitian. Det hadde vore ein dramatisk forfylgjing av kristne i år 64 evt (under Nero), men ingen sidan. Dog vilde ein bryta ut i latter om ein fekk høyra at ”ein dag” skulde den forakta og til tider forfylgde sekti diktera dogmi til heile Vesten og til og med tvinga dei inn i uoppdaga kontinent og øyer. Kven kunde ha førestilt seg personlegheiten og makti til Filip II av Spanien i dei fjerne dagane? Og kven kan sei no, om det vil eller ikkje, 1500 år fram i tid, røysa seg ein like mektig arisk rasebevisst, ein tilbedar av Føraren vår, vårt motstykkje til den katolske Filip II? På eit sett er det ein god ting at framtidi – sjølv om ho eksisterar allereie, på lik line med fortidi – er totalt uforutsigbar for det avgrensa sinnet.

Det er ein god ting at me ikkje kan sjå inn i framtidi fordi det gjev oss høve til å håpa. So heidr Savitri Devi sin 100. gebursdag med å tenkja, og håpa.

Savitri Devi sin 100. gebursdag vil ikkje bli feira slik som dei to andre filosofane som óg blei fødde i 1905: Jean-Paul Sartre og Ayn Rand. Det vil ikkje bli noko internasjonalt akademisk symposium, ingen avisartiklar, ingen suvenir t-skjorter og kaffikoppar. Dette er dog som me kan venta. Trass alt, både Sartre og Rand – den eine kommunist, den andre ein liberal individualist – er sameinte i sin motstand mot rasebasert nasjonalisme, unnateke jødisk overherredøme. (Rand var fødd jødisk, og Sartre skulde ynskja han var blitt det.) Kort sagt, både Sartre og Rand var i sers høg grad ”i Tidi”. Deira filosofiar blir feira nettopp fordi dei ikkje utfordrar forfallskreftene, men faktisk forsvarar og fremjar dei.

I kontrast, var Savitri Devi, Kvinna mot Tidi. Ho vil ikkje finna berømming i denne Mørke alderen, men i den Gylne alderen som vil koma.

Revidert og retta 8. april 2006